Kjerstin Hagen Eriksen (no 18) fekk store skadar i kjeven og på hendene, og må leva med varige mein. 18-åringen vart dømd til å betala henne 150.000 kroner i oppreising.

Ein dørvakt som redda seg unna haglladninga, kan ha fått psykiske skadar, og vart tilkjend 50.000 kroner i oppreising.

Dommen er sagt under dissens, der sorenskrivar Klaus Skjeldal og meddommar Sjur Sekse utgjorde fleirtalet. Dei legg til grunn at drapsforsøket på dørvakten var overlagt.

Mindretalet, meddommar Tone Søgaard, meinte at begge drapsforsøka var forsettlege (ikkje overlagte) og røysta av den grunn for eitt år mildare fengselstraff.

SKADD: Kjerstin Hagen Eriksen (no 18) fekk store skadar i kjeven og på hendene, og må leva med varige mein. 18-åringen vart dømd til å betala henne 150.000 kroner i oppreising.