Kvinna tilsto i Bergen tingrett å ha formidla tre horekundar per telefon til ei prostituert estisk kvinne i Drammen.

22-åringen vart fengsla sist veke, saman med tre andre estiske statsborgarar — ei kvinne og to menn. Kvinna skulle sjølv arbeide som prostituert i Bergen, men vart også pålagt av ein bakmann å svare på telefonar for ei anna prostituert.

Sorenskrivar Erik Elstad slår i dommen fast at verksemda var organisert og styrt frå Estland. Kvinna forklarte i retten at ho kjenner til fire-fem hallikar som er med i systemet her i Noreg, men av frykt for represaliar våga ho ikkje å namngi desse.

22-åringen vart dømt til 45 dagars fengsel - 30 av dei på vilkår. Fordi kvinna alt har vore fengsla i elleve dagar, vart ho sett på frifot etter å ha fått dommen.