Den 26 år gamle asylsøkjaren trudde den tre år eldre kvinna inviterte til sex då dei bada i vatnet ei sommarnatt i fjor etter å ha møtt kvarandre på diskoteket på Husnes om kvelden.

Dei to symde ut til ei jolle som låg fortøydd eit stykke ute i vatnet. Om bord tvang 26-åringen kvinna ned i botnen av båten i eit forsøk på seksuell omgang med henne.

Kvinna protesterte. Då ho deretter prøvde å symja til land, heldt 26-åringen henne fast i eine foten.

Ei venninne av kvinna sat inne på stranda og var vitne til det som skjedde. Ho som blei offer for overgrepet har fått psykiske etterverknader.

Derfor er 26-åringen i Sunnhordland tingrett dømt til å betala henne 100.000 kroner i oppreisningserstatning. Han må sitja eitt år og sju månader i fengsel for ugjerninga.