Han er også dømt til å betale fornærma 102.500 kroner i oppreising og erstatning.

Overgrepet skjedd hausten 2003 på eit motellrom i Førde, dit han og ein kamerat tok med seg den overstadig rusa kvinna etter ein tur på pub.

I retten nekta tiltalte på å ha forgripe seg mot kvinna, og nekta også for at det var noko seksuell kontakt med kvinna. Dette som står i skarp motstrid til både fornærma si forklaring og funna av tiltaltes DNA på henne.

Ifølgje tiltalen vakna kvinna under overgrepet, og prøvde å komme seg fri. Tiltalte skal da ha halde henne over munnen og halde henne fast medan han fullførte valdtekten.

Rettsmedisinarane fann også sæd frå ein annan mann på kvinna, og retten påeikar at dei objektive funna tyder på at ho også kan ha blitt utnytta av ein annan person denne natta.

Men retten fann ikkje bevist at tiltalte har handla saman med andre. Ei heller fann retten bevis for at tiltalte hadde planlagt å få kvinna sanselaust rusa for deretter å forgripe seg på henne.

Han vart derimot funnen skuldig å ha brukt vald for å tiltvinge seg samleie med ein medvitslaus person.

Retten meiner to og eit halvt år fengsel normalt ville vere passande straff, men kutta ned tre månader fordi saka var blitt så gammal utan at tiltalte kan lastast for det.

På toppen må tiltalte betale offeret 100.000 kroner i oppreising og to og eit halvt i erstatning.