Det var i løpet av ei hektisk helg i juni at sogningen allierte seg med to damer og drog på innbrotsraid i Sparebanken Sogn og Fjordane sine avdelingar i Gaular, Naustdal og Førde.

Mandagen etter vart han tatt av politiet, og har ikkje vore på frifot sidan. I retten la han korta på bordet, og no ventar nye månader i fengsel.

Nekta å ha tatt frå kassa

I forkant av bank-raidet i helga 16.-18. juni i år hadde 44-åringen gjort innbrot i ein barnehage og ein restaurant, og misbrukt eit kredittkort han hadde fått kloa i.

Utbytet av det første bankinnbrotet i Gaular var slunkne 804 kroner frå ei teljemaskin. Men allereie neste natt brukte han brekkjernet på bankfilialen i Naustdal, og her inneheldt myntteljaren solide 25.732 kroner. Han var også sikta for å ha tatt mellom sju og åtte tusen kroner frå kassa i banken, men dette er det einaste punktet i siktinga han ikkje ville vedstå seg i retten. Ingen veit kor desse pengane har tatt vegen.

Berre ein dryg halvtime etter innbrotet i Naustdal bana han seg veg inn i sparebank-lokala i nabokommunen Førde. Her fekk han tak i 35.000 kroner frå myntteljemaskina.

Manglande respekt

Etter politiet si oppfatning har dei to kvinnene spela ei heller perifær rolle under innbrota. I motsetnad til 44-åringen slapp dei varetektsfengsling da saka vart rulla opp.

Den 44-årige sogningen er ei rekke gonger tidlegare domfelt for vinnings— og narkotikakriminalitet. Alle gjentakingane viser at sikta manglar respekt for andre sin eigedom, heiter det i dommen. Samstundes peikar retten på at han tilstod straks han fekk sjå bevisa, og at brotsverka har nær samanheng med omfattande og langvarige rusproblem.

Påtalemakta la ned påstand om eitt år og seks månaders fengsel, noko retten meinte var for strengt.

Sunnfjord tingrett har utmålt ei straff på eitt år og tre månader, der seks månader er på vilkår. Straffa er ei fellesstraff som inkluderer vilkårsdelen av siste dommen han fekk i april i år.

Eitt brekkjern, 30 euro og tre dollar er inndregne til fordel for statskassen.