Den rusa mannen og venninna hans sovna på ein benk i kjøpesenteret, og det var då to butikksjefar kom for å visa dei bort at 35-åringen trekte det demonterte luftvåpenet han hadde i ein pose og retta det mot dei to butikksjefane.

Mannen blei pågripen etter ein væpna politaksjon seinare på kvelden. I mai braut 35-åringen seg inn i eit hybelhus på Bømlo og stal ei rifle og ein revolver som han seinare selde i Haugesund for å gjera opp narkotikagjeld.

Dommen omfattar også bruk av hasj og tjuveri av sjokolade for 17 kroner hos Rimi i Haugesund og pølser for kr 19,90 hos Sortland Mat på Bømlo.