I saka i Nordfjord herredsrett blei mannen som no er dømd sett under tiltale for eit synderegister så langt som eit vondt år. I tillegg til skytinga måtte mannen mellom anna svare for både narkobruk, vald og truslar. Nordfjordingen har mellom anna trua med å drepe politifolk.

Det mest alvorlege tiltalepunktet gjeld likevel skyteepisoden i Loen i sommar. Den dømde og ein kamerat hadde rusa seg på amfetamin i dagevis. Til slutt fekk dei to hallusinasjonar, og trudde at huset dei heldt til i var omringa av 40-50 væpna kvinner og menn som skulle gå til angrep på dei.

Nordfjordingen fyrte av totalt seks skot med jaktrifla han hadde i huset. Dei to siste skota gjekk inn gjennom vindauga til soverommet og gjesterommet i nabohuset, men ingen vart skadde. Ein mann som var i nabohuset hadde gått ut, etter å ha blitt varsla.

Begge dei to personane blei til slutt pågripne utan dramatikk.

Heradsretten meiner sju månader fengsel er passeleg straff. To jaktrifler blir inndregne, og han må også betale mindre erstatningar til personar han har skada.