Det førte til at ho blødde i frå eit lite kutt (2-3 cm) i hovudbotnen.

Dessutan trefte eit knyttneveslag hovudet like under eine auga, og ho fekk eit spark på leggen. Han skal ha sparka gjennom dørsprekken då paret drog i kvar sitt handtak på døra til badet, der ho vaska av seg blod.

Må halde seg edru

I Voss forhøyrsrett i går vart mannen dømt til fengsel i 60 dagar på vilkår for lekamsfornærming, skipling av ålmenn fred og orden, og hindring av offentleg tenestemann som ville setta på han handjern. Eit særvilkår for å unngå soning, er at han held seg unna alkohol i prøvetida på to år. Dette kan politiet sjekka gjennom urinprøver.

Mannen vart eigentleg framstilt for varetektsfengsling i fire veker med brev— og besøkskontroll. Skuldgjevinga var meir alvorleg. Ho lydde på lekamskade med preg av mishandling.

Tilstod alt

Men mannen tilstod alt han var sikta for, og aktor, politiadjutant Sturla Vestly, fann det både prossessøkonomisk og ordensmessig betre å gjera unna heile saka straks.

— Det er betre at politiet har to års heimel til å fylja opp mannen, enn om han skal sleppast laust utan vilkår etter nokre fleire dagar i fengsel, seier Vestly.

Helg, og mangel på mongolsk tolk, har ført til at mannen sat fem dagar i varetekt før han vart framstilt. 35-åringen godtok dommen på staden. Alkoholforbodet tok han med fatning.

— Alkohol er ikkje mat, så det kan ein klara seg utan, skal han ha sagt i retten.