Det kjem an på korleis du held krykka, meiner sorenskrivar Lidvard Faaberg og to meddommarar i tingretten.

Den aktuelle krykka er etter politiet si måling 100 centimeter lang, og veg ein halv kilo utan ispigg, som for høve var teken av.

Held ein krykka i handtaket, er vekta lita ved slaget. Held ein midt på, vil halve lengda vera motvekt, påpeikar retten, som let all rimeleg tvil koma tiltalte til gode. Politiet har ikkje ført bevis for at krykka vart svinga i full lengde.

Fornærma fekk i alle fall eit djupt, fire centimeter langt sår i skallen som måtte syast. Han ante fred og ingen fare då enden av krykka kom susande. Krykkesvingaren treiv krykka frå ein kamerat inne på diskoteket då offeret kom ut frå herretoalettet. Der inne hadde dei vore i verbalt slagsmål, men vart raskt skilde då fornærma tok tak i fleecejakka til tiltalte og ville trykka han ned i pissorarrenna.

Sjølv om krykka ikkje vart rekna som særleg farleg reiskap, vart tiltalte dømt til 60 dagar fengsel på vilkår, med to års prøvetid, og han må betala 3000 kroner i bot for krykkeslaget. Han vann ikkje fram med påstand om rettkomen harme.