Det var i byrjinga av april i år at den 16 år gamle guten starta ugjerningane. To gongar knuste han butikkvindauge, men gav opp då innbrotsalarmen vart utløyst. Framgangsmåten var den same då han tok seg inn på to bensinstasjonar, og denne gongen fekk han med seg både tobakk og sjokolade.

16-åringen er også dømt for å ha stelt ein bil og kjørt den til Sunnfjord, utan å ha førarkort. Guten er også dømt for innbrot i ein annan bil, der fangsten var bombillettar til ein verdi av 4000 kroner.

16-åringen samtykka i av saka blei avgjort ved tilståingsdom. Sogn tingrett dømde han til samfunnsstraff i 60 dagar. Han må også ut med rundt 17.000 kroner i erstatning.

I straffeutmålinga la retten vekt på at 16-åringen ikkje tidlegare er domfelt eller bøtelagt. Ugjerningane blei gjort saman med andre, og retten meiner at guten ikkje har vore den aktive part.