Dømt for el-feil på utleigehus

Den 66 år gamle årdølen oversåg pålegget frå elektrisitetstilsynet om å utbetre alvorlege feil på anlegget i huset han eigde. Det fekk både han og huset svi for.  

Mannen eig eit horisontaldelt utleigehus med tre bustader på Årdalstangen, der det lokale eltilsynet var på befaring i november 2009.

Etter dette påla dei huseigaren å utbetre sju feil, der den mest alvorlege var varmgang i inntakssikringane i 3. etasje. Mannen fekk frist til slutten av januar for å fikse feila. Da ingenting skjedde, purra eltilsynet i juni, og varsla tvangsmulkt.

Men kort etter oppstod ein vasslekkasje i huset, og under taksering av desse skadene oppdaga også takstmannen dei varme sikringane på loftet. Han varsla om dette både i sin rapport og munnleg overfor huseigaren. 

Men ingenting vart gjort med dette, og om natta 6. februar 2011 var brannen eit faktum. I retten forklara lensmannen at dersom den ikkje var blitt oppdaga og sløkt etter kort tid, ville den ha utvikla seg svært raskt. Brannen starta ved elinntaket i mønet på huset.

Tiltalte meinte i retten at det ikkje ville vore nokon fare dersom det ikkje var blitt brukt så mykje straum til å tørke opp etter vasslekkasjen, noko han ikkje hadde samtyka til. Han nekta også for at takstmannen hadde varsla han om brannfaren, men vart ikkje trudd av retten på dette punktet.

Dermed vart det ei bot på 6.000 kroner å betale, i tillegg til 3.000 i sakskostnader.

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.

Velkommen til debatt i Bergens Tidende. Vi setter pris på sterke meninger. I våre kommentarfelt er det høyt under taket, men vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis respekt for andre debattanters meninger, etnisitet, religion og legning. Husk at mange leser dine ytringer her på bt.no. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå. Du må skrive under fullt navn.

Vennlig hilsen Gard Steiro, sjefredaktør.

Siste fra Lokalt