Mannen eig eit horisontaldelt utleigehus med tre bustader påÅrdalstangen, der det lokale eltilsynet var på befaring i november 2009.

Etterdette påla dei huseigaren å utbetre sju feil, der den mest alvorlege varvarmgang i inntakssikringane i 3. etasje. Mannen fekk frist til slutten avjanuar for å fikse feila. Da ingenting skjedde, purra eltilsynet i juni, ogvarsla tvangsmulkt.

Men kort etter oppstod ein vasslekkasje i huset, og undertaksering av desse skadene oppdaga også takstmannen dei varme sikringane påloftet. Han varsla om dette både i sin rapport og munnleg overfor huseigaren.

Men ingenting vart gjort med dette, og om natta 6. februar2011 var brannen eit faktum. I retten forklara lensmannen at dersom den ikkjevar blitt oppdaga og sløkt etter kort tid, ville den ha utvikla seg sværtraskt. Brannen starta ved elinntaket i mønet på huset.

Tiltalte meinte i retten at det ikkje ville vore nokon faredersom det ikkje var blitt brukt så mykje straum til å tørke opp ettervasslekkasjen, noko han ikkje hadde samtyka til. Han nekta også for attakstmannen hadde varsla han om brannfaren, men vart ikkje trudd av retten pådette punktet.

Dermed vart det ei bot på 6.000 kroner å betale, i tilleggtil 3.000 i sakskostnader.