Straffa vart sett til 30 dagars fengsel på vilkår, og ei vilkårslaus bot på 6000 kroner. Det betyr at bota må betalast, men fengelstraffa skal ikkje sonast dersom den dømde held seg unna strafflagde handlingar i prøvetida på to år.

Redusert køyreeigenskap

Retten har kome til at bilføraren (23) køyrde med sommardekk på eine hjulet på ei strekning med heller vanskeleg vinterføre, og at han var klar over dette. Retten meiner at han ikkje i stor nok grad tok omsyn til føreforholda og dei reduserte køyreeigenskapane bilen hadde på grunn av sommardekket.

Difor hadde han for stor fart i venstresvingen slik at han mista veggrepet, kom over i motsett køyrefelt og kolliderte med den møtande tømmerbilen.

Voss tingrett legg til grunn den bilsakkunnige sin rapport, og ser, i motsetnad til forsvararen, bort frå at det kunne vera andre grunnar til at personbilen kom over i motsett køyrefelt.

For lenge med reservehjul

23-åringen vart også dømt for brot på køyretyforskriftene som berre tillet kortvarig bruk av reservehjul med sommardekk på vinterføre t.d. ved punktering. Å la det gå om lag to veker utan reparasjon eller skaffa seg nytt, «må klarlegvis vera for lang tid», seier retten.

Det er ikkje utvist grov aktløyse, og ikkje påstått høgare fart enn lovleg, eller noko form for «grisekøyring».

I skjerpande retning legg retten vekt på dei alvorlege fyljene av køyringa. På den andre sida må det leggast vekt på at han sjølv er blitt hardt ramma, fekk langt sjukehusopphald og rekonvalesens. Det er for tidleg å vurdera om han får varig mein. Han har mista kjærasten, og det har naturleg nok gått hardt inn på han psykisk.

Familiær støtte

Ved straffeutmålinga er det lagt vekt på dei allmennpreventive omsyna, men tingretten nemner at også familien til den avlidne har støtta han.

Retten meiner at fengselsopphald ikkje trengst for at han i framtida skal la vera å gjera straffbare handlingar.

VIL IKKJE HA STRAFF: Anette B. Mosdals far, Magnar Mosdal, meiner den tiltala ikkje bør straffast.
RUNE SÆVIG