Den tidlegare legen ved Førde Sentralsjukehus har sidan 1999 delteke i fleire forskingsprosjekt med utprøving av nye medisinar.

Dette skjedde slik at legen fann fram til pasientar som ville delta i eksperimentet. Legemiddelprodusenten betalte så eit avtalt beløp per pasient.

Pengane som i løpet av fem år summerte seg til 1,3 millionar kroner, sette legen inn på ein personleg konto i eit forskingsfirma. I dag står det att 350.000 kroner på kontoen.

Helse Førde har hevda at pengane tilhøyrde sjukehuset, og fekk i fjor støtte frå Fjordane Tingrett. Legen anka dommen.

I går kom lagmannsretten samrøystes fram til at godtgjersla frå legemiddelfirmaet høyrer til sjukehuset, og ikkje legen. Kvinna er no dømt til å tilbakebetale ein halv million kroner.

Slapp billig

Anken har likevel delvis ført fram ved at erstatningsbeløpet til Helse Førde er halvvert frå tingretten. Det same er sakskostnadene. Kvinna må likevel ut med over 600.000 kroner i sakskostnader frå begge rettssakene.

Eit moment i saka er at kvinna i det vesentege har brukt pengane til eiga fagleg utvikling. Retten legg til grunn at sjukehuset også ville fått nytte av midlane dersom kvinna framleis var tilsett. Difor er det urimeleg at kvinna skal tilbakebetale heile det motekne beløpet, ifølgje retten.

— Vi er ikkje nøgd med dommen, men ho har fått ei mykje betre behandling enn i tingretten, seier advokaten til kvinna, Jan Ohldieck.

Han viser til at beløpet er langt mindre enn det tingretten kom fram til, og at legen har blitt trudd på at ho handla i god tru.

Handla i god tru

Som følgje av oppdragsforskinga fekk den kvinnelege legen sparken i 2005. Legen har hevda at ho handla i god tru med omsyn til at vederlaget var hennar, og at oppseiinga difor var urimeleg. Ho kravde tre millionar kroner i oppreising for tapt løn og øydelagt omdømme i fagmiljøet.

I retten fekk ho støtte for at ho handla i god tru. Avtalane med legemiddelprodusenten var så uklare at retten meiner det er forståeleg at kvinna trudde ho var rettmessig eigar til godtgjersla.

Eit mindretal meinte derimot at legen bevisst tileigna seg sjukehuset sine midlar.

Gyldig oppseiing

Kvinna har mellom anna nytta doble reiserekningar til å få ut 30.000 kroner årleg frå arbeidsgjevar, samstundes som ho fekk dekt inn desse reisene via midlane frå legemiddelprodusenten.

Retten vurderer dette forholdet som så alvorleg at det gjev grunnlag for oppseiing.

— Vi er ikkje heilt samd i resultatet fordi dei har redusert beløpet. Eit mindretal av dommarane var heilt på linje med oss, men fleirtalet avgjer, seier Stig Gunleiksrud, advokat for Helse Førde.

Han er likevel nøgd med at lagmannsretten i grove trekk stadfestar tingretten sin dom.

— Vi er nøgd med at vi fekk medhald på dei viktigaste punkta, at avskjeden er rettmessig og at avtalen med legemiddelfirmaet var inngått med sjukehuset, som difor skulle hatt pengane, seier Gunleiksrud.

Ingen av partane hadde i går tatt stilling til om dei vil anke saka.