Episoden skjedde på deira felles bustadadresse i Florø ein grytidleg søndagsmorgon seint i juli etter at dei kom heim frå ein grillfest.

Fornærma og tiltalte klarte ikkje å bli samde om korvidt høg musikk burde vere av— eller påslått i husværet.

Det heile enda med at litauaren fann fram ein revolver ladd med gummikuler og fyrte av fire skot i retning polakken.

To av skota trefte. Kulene gjekk gjennom huda og måtte litt seinare opererast ut ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen.

I retten erkjente 28-åringen straffskuld for ulovleg våpeninnehav og hasjbruken, men nekta straffeskuld for skytinga. Rettens fleirtal, beståande av fagdommar pluss ein av dei to lekdommarane, fann han skuldig på alle punkt.