Mannen må i tillegg betale offeret 290.000 kroner i meinerstatning og 100.000 korner i oppreisingserstatning.

Retten har også ilagt mannen forbod mot på nokon måte å oppsøke, forfølgje, besøke eller på anna vis kontakte fornærma i ein periode på fire år.

I dommen skriv Fjordane tingrett at fornærma var i reell livsfare da mannen mishandla henne i husværet hennar i Førde natt til 30. april i fjor. Retten skriv vidare at valdsbruken var alvorleg, pågjekk over tid, og at ho ikkje hadde sjans til å sleppe ut av husværet. Ho vart påført betydelege traumer både fysisk o psykisk, heiter det i dommen.

Dommen samsvarer i grove trekk med påstanden frå aktoratet. I retten krevde aktor to år og seks månaders fengsel for mannen.

37-åringen har site samanhengande i varetekt sidan han vart pågripen, og får dermed 326 dagar frådrag i soningstida.