To av åtte eigarar av ein russebil i Hardanger deltok på ein tur til Voss kvelden før 1. mai i fjor.

Dramatikk

Då dei kom til campingplassen i Prestegardsmoen, var det seks ungdommar i bilen. Festen i «Moen» var tydelegvis godt i gang. Hardingane sette seg til å drikka i bilen, også han som hadde vore sjåfør så langt.

Ein halvtime seinare var dramatikken i gang. Ein gjeng med om lag 20 fiendtleg innstilte personar gjekk til åtak på russebilen, rugga på han, så han var nær ved å velta. Dei truga med å knusa bilen.

Dei tre gutane i russebilen gjekk ut og bad om fred, men det nytta ikkje. Ein av dei vart lagt i bakken og slått i andletet. Ein anna vart slått med ein plastdunk over nakken, slik at han misste medvitet ei kort stund. Det vart slengt ein sykkel over han, og han fekk eit overflatisk stikksår i tommelen. Truleg vart det fekta med kniv eller annan kvass gjenstand.

Rømte frå «Mobben»

Gutane rømde inn att i bilen, og låste dørene frå innsida. «Mobben» heldt fram med å rugga på bilen, eit sykkelstativ vart kasta opp på biltaket, og det hagla med kantstein. Inne i bilen fann dei situasjonen etter kvart så skræmande at dei ikkje torde å vera der lenger.

Guten som sat på førarsetet starta opp bilen og køyrde dei få metrane til parkeringsplassen ved Idrettshallen. Denne karen eig ikkje «aksjar» i russebilen.

«Mobben» fylgde ikkje etter. Men no var ei jente i bilen dårleg. Ho fekk skjelvingar, hyperventilerte og deretter var det uråd å få liv i henne. Dei andre fann korkje pust eller puls.

Munn-til-munn-metoden hjelpte heller ikkje. Dermed gjekk turen mot sjukehuset. Dei visste den omtrentlege retninga. På Rogne vidaregåande skule, i Sjukehuset sitt nabolag, tumla dei ut, tydeleg oppskaka og fortalde at ein av dei var knivstukken, og ein annan trong akutt legehjelp.

Straff-fri

Den medvitslause jenta vart boren ut av bilen. Ho vakna opp før ho vart ført vidare til sjukehuset. Voss tingrett dømde bilføraren i februar i år for promillekøyring.

No er også dei to bileigarane som var med på turen dømde for å ha overlete bilføringa til ein person som ikkje var ført til det. Straffa vart for begge sett til fengsel i 15 dagar på vilkår, med to års prøvetid. Kvar av dei må dessutan betala 3000 kroner i bot.

Retten har kome til at den første etappen av køyreturen var strafffri. Situasjonen ved campingplassen var så kaotisk at det ikkje er rimeleg å forlanga at dei to eigarane skulle hindra køyringa.

Men på parkeringsplassen gjekk det rolegare for seg. Dei kunne spurt ein annan harding som kom til, om han kunne køyra den medvitslause jenta til sjukehuset. Dessutan hadde fleire i russebilen med seg mobiltelefon, og kunne ha ringt etter hjelp.