Dei 25 tilsette vil få tilbod om arbeid ved andre verksemder i konsernet, skriv styret i ei pressemelding. Bakgrunnen for vedtaket er sviktande råstofftilgang på grunn av dei minkande kvotene på sild og makrell.

Nedlegginga vil gje Domstein høve til betre utnytting av kapasiteten ved sine øvrige verksemder, skriv styret i meldinga. Lokalitetane på Raudeberg skal i framtida brukast til fryselager.

Nedlegginga av fabrikken vil skje den 28. februar neste år.