Habilitets-tabbe av meddommar

Dette skjer etter at Grov gjorde generaltabben å ytre seg om korleis han ser på skuldspørsmålet, lenge før retten har samla seg for å ta drapssaka opp til doms.

"Eg håpar han tilstår" og "eg trur det må vere narkotika inne i bildet" skal Grov ha ytra til ein NRK-reporter i ein av pausane i rettsforhandlingane i Førde torsdag.

Etter at tabben blei kjend gjennom at NRK orienterte rettens administrator, tingettsdommar Terje Mowatt, tok saka denne vendinga etter pausen:

— Det har falt en uttalelse frå ein av meddommarane. Vi ønskjer uttale frå partane om dette, sa dommar Terje Mowatt.

Aktor Jogeir Nogva gav uttrykk for at dette grip inn i skuldspørsmålet, og at meddommaren bør fratre.

— Men det finst heimel for å halde fram saka når uhellet er ute, sidan vi viseleg har ordna oss slik at vi har ein utvida tingrett i utgangspunktet, sa aktor Jogeir Nogva, som meinte at forfall som følge av inhabilitet ikkje medfører at saka må stoppast.

Bistandsadvokat Rune Tysse slutta seg til dette. Forsvarar Ivar Blikra gav uttrykk for at han deler rettens oppfatning at dette medfører inhablitet, at det er svært uheldig og går direkte på skuldspørsmåle.

— Vi forlanger protokollført at forsvaret finn forholdet svært uheldig. Av omsyn til tiltalte finn ein det likevel ikkje forsvarleg med helt ny bevisføring slik saka står no, sa forsvarar Ivar Blikra.

Blikra gjorde det også klart i protokolltilførselen at tabben kan få verknad ved ein eventuell fellande dom.

— Ein gjer retten merksam på at forsvarets syn vil kunne påverkast av domsslutning i saka, og held seg retten å påberope seg dette som saksbehandlingsfeil, understreka forsvararen.

Dobbeltrøyst

Deretter tok retten ein kort pause, og kom tilbake - denne gong med berre fire medlemmer. Meddommar Hans Grov var ikkje på plass.

— Vi held fram med fire dommarar, og rettens formann får dobbeltrøyst ved dersom stemmetalet blir likt, sa tingrettsdommar Terje Mowatt.

MÅ GÅ: Meddommar Hans Grov.
ODDLEIV APNESETH