Sætre har formulert seg uheldig, men ikkje konkluderande, går det fram av kjennelsen frå retten.

"Sleipner"-kaptein Sverre J. Haglands forsvarar, Per Magne Strandborg opna andre veka av rettssaka med å forlanga Sætre fjerna som inhabil.

Det var under ein diskusjon på bakrommet fredag om ein mulig rekonstruksjon av "Sleipner"s kurs ulukkeskvelden at den eine sakkunnige meddommaren, sjøkaptein Nils Jonas Sætre skal ha uttalt at han alt då hadde gjort seg opp ei meining om korfor "Sleipner" kom ut av kurs og gjekk på Store Bloksa.

Aktor i saka, Eirik Stolt-Nielsen og HSDs forsvarar, advokat Svein Aage Valen stadfesta innhaldet i det Sætre hadde sagt. Aktor meinte at orda fall i diskusjonen under ein viss "setting", og at han derfor ikkje såg grunn til at meddommaren vik sete. Men Stolt-Nielsen ønskjer ikkje å motsetja seg ei rettsleg avgjerd om inhabilitet og at Sætre må fråtre.

Retten har trekt seg tilbake for å vurdera påstanden frå Strandborg. Heile første veka av "Sleipner"-saka har det vore ein tredje sakkunnig meddommar som har følgt rettsforhandlingane som reserve. Agnar Presthaug frå Stord er klar til å rykkja inn på Sætre sin plass om sistnemnde blir erklært inhabil.

— Slike uttalar som meddommaren kom med skal ikkje skje på eit slikt tidspunkt av rettsforhandlingane, sa advokat Valen i sin kommentar til Strandborgs påstand.

Det var Valen som stoppa diskusjonen på bakrommet fredag etter at meddommar Sætre skal ha uttalt: "Det er nemleg det eg meiner har skjedd" etter ein diskusjon om korleis kaptein Hagland og overstyrmann Olav Skjetne førte "Sleipner" etter passering Ryvarden fyr ulukkeskvelden 26.november 1999.

Nils Jonas Sætre.
FOTO: TOR HØVIK