Dei to er dømde for å ha kidnappa og brukt vald mot til saman tre jamaldringar natt til 29. mars i år.

Retten karakteriserer valden som brutal og med preg av mishandling.

— No drep me deg

Episodane skjedde etter at utestadene på Voss var stengt for natta. Dei fire tiltalte i saka sette seg i ein bil, og køyrde rundt i sentrum. På Holbergsplass oppdaga 19-åringen det fyrste offeret, som han meinte han hadde noko uoppgjort med.

19-åringen gav seg dermed til å slå og sparke offeret, før han blei dregen inn i bilen. Her held valdsbruken fram. Samtidig kom 19-åringen med trugslar som «No skal du døy, no drep me deg».

Mista medvitet

Seinare på natta møtte dei tiltalte på ein kjenning av det fyrste offeret. Også han blei kidnappa og utsett for vald. Han vart også truga til å lure det fyrste offeret til å møte valdsmennene igjen.

Det fyrste offeret kom gåande til ein bensinstasjon, der valdsmennene venta på han. Saman med ein kamerat blei han igjen truga inn i bilen. Der blei han slått heilt til han mista medvitet, og måtte berast ut av bilen.

Fengsel

19-åringen er i Nordhordland tingrett no dømd for desse forholda, samt ei rekkje andre valdsepisodar. Retten meiner valden har vore uprovosert, brutal og omsynslaus. Straffa er eitt år og fire månader i fengsel, der seks månader er på vilkår.

24-åringen er dømd til eitt års fengsel, der seks månader er på vilkår.

Sjåføren av bilen er dømd for medverknad til vald, trugslar, tvang og fridomsfrårøving. Retten har dømd han til 120 timar samfunnsteneste.

Dei tre er også dømde til å betale ofra erstatningar på til saman 18.000 kroner.

Den fjerde mannen i bilen var slått ut av alkohol og søv mesteparten av tida. Han blei frifunnen for krav om straff og erstatning.