29. januar fall dommen mot dei tre unge mennene i Haugaland tingrett. Deitre blei dømde til fengselsstraff på vilkår på seks, ni og elleve månader. I tillegg må dei betale nærare80.000 kroner i erstatning til fornærma i saka. Det var Kvinnheringen som førstomtala saka.

Trugslar og grovvald

Dei grove valds— ogmobbeepisodene skal ha skjedd i skuleåret 2011 og 2012. I domspapira går detfram at dei tre ved fleire høve skal ha stripsa og teipa fornærma fast. På einfest i 2011 brukte dei tre makt, og teipa hender og føter på fjerdemann medgaffateip, før dei bar han ned i ein kjellar og lot han ligge der åleine i omlag fem minuttar. Etter episoden truga dei ved fleire høve fornærma om å gjeredet same igjen.

Éin månad seinare bruktedei tre vald mot fornærma igjen. På ein fest teipa dei han på nytt rundthals, nakke og munn, noko som førte til at han fall mot eit bord og slo seg ieit auge.

Våren 2012 skjedde ei nyalvorleg episode på Etne vidaregåande skule. Etter å ha binda hender og føterfast med strips og gaffateip, la dei tre han i eit bagasjerom. Etter om lag femminuttar flyttar dei han til eit lukka skap på ein tilhengar. Fornærma skal dåha vore teipa over munnen, i tillegg til at hender og føter var faste.

Mor til fornærmavarsla politiet

Det var etter den fjerdevaldsepisoda at politiet blei varsla om om kva som føregjekk. I april 2012prøvde fornærma å gå heim frå ein fest, men hamna i eit basketak med deitiltalte.

Igjen blei fornærma teipa fast, og deretter lagt ute framfor huset.Fornærma kom seg sjølv laus og reiste heim. Dei tiltalte følgde etter, og ein avdei slo til fornærma. Fornærma hamna i bakken og byrja å blø frå munnen.

Dagen etter kontakta han mor si som vidare kontakta politiet.

- Ei stygg mobbesak

To av dei tiltalaerkjente straffskuld, den tredje har erkjent straffskuld for delar av tiltalen.

— Saka må karakteriserastsom ei særs grov, alvorleg og stygg mobbesak. (...) Utgangspunktet var kanskjenoko uskuldig, men den første episoden gjekk langt over streken. Retten harlita forståing for handlinga til dei tiltalte, går det fram i retten sivurdering.

Det går også fram iretten si vurdering av saka at dei alvorlege hendingane har ført til atfornærma har fått store psykiske plagar.