På ein fest på Våge om kvelden laurdag 16.juni sende dei 18 og 19 år gamle kameratane til vêrs naudblusset.

Eit ambulansehelikopter og redningsmannskap rykka ut, og kort tid etter varsla ungdommane politiet om kva dei hadde gjort.

Men før det hadde yngstemann villeia politiet som undersøkte forholdet. Han får 4000 kroner i bot, eldstemann må betala 2000 kroner. I tillegg må dei to betala 2300 kroner i erstatning til Hovedredningssentralen Sør-Norge for helikopterutrykkinga.