Det første overgrepet skjedde i 1986, då den 36 år gamle mannen var 15 år. Han forgreip seg då på ein tre år gammal gut han sat barnevakt for. Overgrepa mot guten heldt fram i mange år. 36-åringen frå Hordaland skal ha utsett guten for til saman minst 30-50 seksuelle overgrep.

Mannen blei i fjor sommar dømd i Hardanger tingrett til fem år og seks månaders fengsel for grove seksuelle overgrep. Han anka dommen, og ankesaka har no vore oppe i Gulating lagmannsrett, der mannen ikkje fekk medhald.

36-åringen valdtok også ved fleire tilfelle to gutar då dei var elleve og fjorten år gamle.

Mannen har tilstått forholda, noko retten har tatt omsyn til.

Tok bilde av offer

Lagmannsretten ser det som straffskjerpande at mannen har forgripe seg på tre gutar og at det er snakk om mange alvorlege overgrep. I tillegg blir det lagt vekt på at den eine guten berre var tre år då overgrepa begynte, og at overgrepa heldt fram gjennom heile oppveksten hans.

Retten legg også vekt på at ein av gutane blei fotografert under overgrepa, og at guten ikkje hadde kontroll over distribusjonen av bilda.

Tatt med barneporno

36-åringen var i tillegg sikta for å ha forgripe seg på to mindreårige jenter, men i desse sakene blei det ikkje tatt ut tiltale.

Mannen blei pågripen i heimen sin i mars 2006, og politiet fann då 1279 bilde og 88 filmar med framstilling av seksuelle overgrep mot barn, i all hovudsak mot gutar i alderen fem til femten år.

I perioden frå han blei meld til politiet hausten 2005 til pågripinga i mars 2006 jobba 36-åringen i ein barnehage utanfor Hordaland.

— Forkvakla seksualitet

Då politiet gjennomsøkte mannen sin heim, fann dei også bilde som viser korleis han misbruker ein sau seksuelt saman med ein annan mann.

– Me står her overfor ein person som har eit heilt forkvakla syn på seksualitet, sa førstestatsadvokat Walter Wangberg i sin avslutningsprosedyre i tingretten.

Forsvararen til mannen, Ove Andersen, la i tingretten vekt på at retten måtte ta omsyn til mannen sin bakgrunn. 36-åringen skal som barn ha vore med i ei gruppe som hadde sex-leikar med kvarandre frå han var fire til han var ti år gammal. Då han var ti år begynte han sjølv å forgripa seg på andre.

36-åringen har forklart at det først i tenåra gjekk opp for han at det han gjorde ikkje var normalt.

- Har fått store problem

Dei tre gutane sine hjelpeadvokatar, Verna Rege Nilssen og Anne Cathrine Rindal Onarheim kravde 600.000 kroner i oppreising til overgrepsofra i tingretten.

Hjelpeadvokatane la i tingretten vekt på at dei tre gutane har fått store problem som følgje av overgrepa.

— Min klient såg på mannen som ein han kunne betru seg til. Han såg på han som ein farsfigur. Tilliten blei misbrukt på grovaste måte, sa Rindal Onarheim til bt.no i juni i fjor.

Mannen blei til slutt dømd til å betala dei tre ofra til saman 450.000 kroner i oppreising.