Den tiltalte kvinna vart teken på fersk gjerning av politiet 9. juli i fjor, melder NRK Sogn og Fjordane.

Politiet rykka ut til parken etter melding om at det låg ein livlaus mann ved kyrkja i Florø. I staden oppdaga dei altså eit par i full aktivitet.

Retten finn det særleg skjerpande at det var fri innsyn mot gjerningsstaden frå HVPU-bustadar og ein veg like ved.

Lovbrotet ved kyrkja i tillegg til ei rekkje mindre tilfelle av tjuveri og narkotikabrotsverk fører til at tiltalte må sone 45 dagar i fengsel.