HILDE KRISTIN STRAND

Begge forholda ligg noko attende i tid. Det verka formildande på dommen.

I november 2002 fekk 47-åringen tilbod om å kjøpa eit parti Bergans-jakker. Jakkene skulle vera frå eit konkursbu. Mannen spurte om jakkene var stolne, men han spurte ikkje om dei var piratkopiar. Det var dei.

Mannen kontakta ein kjenning og ga han tilbod om å selja jakkene, så kunne dei dela fortenesten.

Den no dømde mannen har innrømt at han i etterkant burde forstått at jakkene ikkje var ekte. Retten meiner mannen har uaktsomt.

I april 2001 prøvde to personar av utanlandsk opphav å heva ein sjekk hos DnB på Torgalmenningen i Bergen. Sjekken, som var på 40.000 amerikanske dollar, var skriven ut til ein namngitt person. På baksida sto namnet og kontonummeret til den no dømde mannen.

Ekspeditøren vart mistenksam, og bedrageriforsøket vart oppdaga.

Mannen forklarte at han hadde møtt ein mann som ville investera desse pengane i speleautomatar i Danmark. Retten festar ikkje lit til denne forklaringa, og meiner mannen har inngått ein avtale med dei to mennene i og med at han utstyrte dei med bankkortet sitt. På bakgrunn av dette meiner dei han har medverka til forsøk på grovt bedrageri.

Mannen vart dømd til betinga fengsel i 120 dagar med prøvetid på to år. Han fekk òg ein bot på 10.000 kroner.