Fitjarbuen braut seg i april i år inn i huset til den tidlegare sambuaren og ektefellen sin, og slo henne med eit halv meter langt jernrøyr medan ho sov. Det eine barnet deira låg i same seng, men fitjarbuen gjekk likevel laus på ekskona, som han hadde forbod mot å oppsøkja.

Kunne blitt drepen

Retten ser det som sannsynleg at kvinna hadde blitt drepen om ho ikkje hadde klart å rømma, skriv Sunnhordland.

Mannen og kvinna har vore sambuarar og ektefeller sidan midten av nittitalet, og mannen skal ha vore valdeleg mot kvinna gjennom heile perioden. Kvinna klarte ikkje å bryta ut av ekteskapet før i februar i år, og mannen fekk forbod mot å oppsøkja henne.

Eitt år og ni månader

Retten finn det bevist at kvinna har levd i redsel for vald og sinneutbrot i lange periodar av sambuarforholdet.

Fitjarbuen er dømd til fengsel i eitt år og ni månader, seks av månadene er på vilkår. Han må også betala ei erstatning på 60.000 kroner til ekskona.