Dei fire sunnfjordingane, to menn og to kvinner, var sikta for å ha brote seg inn og gått til angrep på ein 53-åring i Askvoll i oktober i fjor.

Den eine av dei kvinnene som var sikta hevda at 53-åringen og naboen hans kvelden før hadde dopa henne ned og forgripe seg på henne medan ho sov. Kvinna skal ha fortalt dette til kjærasten sin, og det var på bakgrunn av dette at paret i lag med dei to andre sunnfjordingane oppsøkte mannen for å få fram ei tilståing. Med seg hadde dei ulike slagreiskap, som balltre, slåsthanske, jernstong og ei sleggje.

Mishandling

Dei banka på døra, men då ingen lata opp, kom dei seg inn i huset ved å knuse eit kjellarvindaug. 53-åringen låg og sov i andre etasje, men vakna då døra mellom kjellaren og første etasje vart slått inn. Han ringde politiet, men samtala vart kutta då mennene braut seg inn i rommet og gjekk til angrep på mannen.

Mannen fekk fleire slag mot hovud og kropp. I følgje statsadvokaten si tiltale bar valdsutøvinga preg av mishandling, noko tingretten sa seg einig i.

– Det vart brukt gjenstandar som etter lova blir rekna som særleg farlege reiskap, og valden vart gjort mot ein forsvarslaus person, skriv tingretten i dommen.

53-åringen klarte å rømme ved å seie at han skulle hente 100.000 kroner i etasjen under, og sprang ut av huset og gøymde seg. Dei fire forlet staden kort tid etter, og mannen kom seg til sjukehus. I følgje journalane var han svært forslått, med fleire kutt på kroppen og brot i venstre arm.

Formildande omstende

At handlinga var grov og skjedde i offeret sin eigen heim vart vurdert som straffeskjerpande, i følgje dommen frå Fjordane Tingrett.

Dei to kvinnene hevda dei var i første etasje då mishandlinga gjekk føre seg, men vart dømde for medverknad til innbrot og medverknad til lekamsskading.

Kvinna som skal ha blitt valdteken av 53-åringen, fekk ei fengselsstraff på 120 dagar. Både for henne og kjærasten har retten lagt vekt på at det var formildande omstende ”at dei med grunn oppfatta det slik at kvinna var valdteken kvelden før”.

Kvinna sin kjæraste vart dømd for lekamsskading og trugslar, og straffa vart sett til fengsel i 11 månader. Han har frå før åtte straffedommar, men ikkje for valdsbruk.

Må betale erstatning

For dei to andre fann retten ingen formildande omstende. Mannen, som er straffedømt sju gonger før, vart dømd for å ha lekamsskading og medverknad til innbrot. Fengselsstraffa vart sett til i eitt år og åtte månader, som inkluderer ein tidlegare dom på samfunnsstraff. Kvinna vart dømd til fengsel i seks månader. Dei fire må betale 53-åringen ei erstatning på 70.000 kroner.

ARNE HÅBERG