Fortida til studenten har vore heilt ukjent for HSF. No er han dømt til nytt fengselopphold i Indre Sogn tingrett.

Vald i Sogndal

Han skal bli sosionom, og har gjort nye alvorlege valdshandlingar etter han starta HSF-studiet i Sogndal i august i fjor.

— Porten inn til dette studiet synes å vera nokså vid skriv sorenskrivar Steinar Velle.

Velle har nett avsagt ny dom over mannen. Sosionom-studenten er sikta for fleire valdsepisodar etter at han vart tatt opp ved sosionomlinja ved HSF i Sogndal. Ein av episodane hende på veg heim frå klassefest for sosionomane i Sogndal.

Rektor Johs. Thaule ved HSF har ikkje høyrt om rullebladet til sosionomstudenten.

— Dette høyrest voldsomt tvilsomt ut for eit framtidig yrke som sosionom, seier Thaule.

Det er Sogn Avis som først presenterer historien og den nære svært alvorlege krimfortida til studenten for HSF-rektoren.

Thaule vedgår at han ikkje har høyrt om fortida til sosionomstudenten.

I Indre Sogn tingrett vart han nyleg dømd til fengsel i ni månader, for valdsepisodane i Sogndal, melloim anna på studenthuset Meieriet. Der tok han kvelartak og truga med å drepa ein av gjestene på studenthuset.

Drapstrugslar

"Eg tek ikkje fem øre for å drepa" skal sosionomstudenten, ifølgje eit vitne, ha sagt då han tok kvelartaket på studenthuset. Rett frå fengsel til Sogndal-student

Sosionomstudenten som er frå Austlandet slapp ut av fengsel sommaren 2001 etter å ha sona to tredeler av ein dom på to år for aktlaust drap. Han vart HSF-student ved sosionomlinja i Sogndal i august i fjor.

Det er både Samordna opptak i Oslo og den enkelte studiestad som har ansvaret for at studenten med den sterkt kriminelle fortida har kome inn på høgskulen i Sogndal, og gjennomført første året på sosionomlinja.

— Ikkje bra, seier høgskulerektor Thaule i Sogndal som trur dette er ei hending som vil få konsekvensar.

Studenten har altså fullført første studieårer i Sogndal. I dommen skriv sorenskrivar Velle: "Retten har ikkje kjennskap til om det vil skape vanskar for studiet om han må sone fengselstraff. I alle høve synest porten inn til dette studiet å vera noko vid".

Ifølgje rektor Thaule har ikkje Høgskulen i Sogndal formelt grunnlag for å skipla nokon ut av eit studium.