— No må du reise deg opp og ikkje ligge der å spele, sa den tissetrengde 28-åringen etter at han slo ein dogjest i bakken, ifylgje NRK Sogn og Fjordane.

Ein mann forsøkte å gå mellom - utan å lykkast. På andre forsøket gjekk fornærma i bakken så det sang.

Vitne og ein vakt forsøkte å få liv i mannen - utan å lukkast. Dermed vart sjukebil kontakta.

Etter hendinga fekk mannen fokuseringsproblem og byrja å miste kjenslene i to fingrar, melder NRK Sogn og Fjordane. Framleis er han plaga med kraftig hovudverk.

Tiltalte er óg tidlegare dømd for grov vald. Denne episoden hugsar han ingenting frå, hevda han i retten - og erklæra seg uskuldig.

Det festa ikkje Fjordane tingrett lit til, og dømmer mannen til 90 dagar i fengsel.