Sogn tingrett slår fast at det var Madushanka Perera som sat bak rattet då bilen med fire ungdommar køyrde utfor vegen like ved sentrum i Balestrand natt til 25. juli i fjor. Pereras storebror Dilshan omkom momentant. Dilshans kjæraste og kusina hennar fekk begge alvorlege skader, og låg lenge på sjukehus etter ulukka.

— Vi meiner straffa er for streng, og kjem til å anke straffeutmålinga, opplyser balestrendingens forsvarar, Louis Anda, til Bergens Tidende.

— Korleis tek din klient dommen?

— Han var budd på at det kunne ende slik, og tek avgjerda i tingretten med fatning. Mor hans tek det derimot svært tungt, seier advokaten.

Trudde på jenta

Det springande punket har vore kven som køyrde ulukkesbilen. Perera sjølv har heile tida halde på at han ikkje hugsar noko før han vakna på sjukehus, noko retten ikkje finn grunn til å tvile på. Under rettssaka prosederte forsvararen på at den unge kvinna som sat i passasjersetet då dei første kom til ulukkesstaden, kan ha køyrt.

Den 20 år gamle kvinna vitna under rettssaka. Ho var den som hadde drukke minst, og vedgjekk å ha køyrt då dei skulle på pub tidlegare på kvelden. Ho fortalde at ho også køyrde heim att, men kvidde seg for den smale oppkøyrsla til huset. Difor bad ho Madushanka ta over. I staden for å køyre dei siste få metrane opp til huset og parkere, ville han på biltur. I veldig fart gjekk det vestover mot Høyanger. Like utanfor sentrum i Balestrand gjekk det gale. Perera miste kontrollen over BMWen med 150 hestar under panseret.

Sogn tingrett har trudd på kvinna som leverte eit sterkt vitneprov.

— Retten legg til grunn at vitnet har gitt ei truverdig forklaring, heiter det i dommen.

Strengare straff

Også vitneprov frå hjelpemannskap og andre som kom til, gjer at retten ikkje er i tvil om kven som køyrde. Kvinna sat i passasjersetet framme med selen på. Den måtte skjerast av. Skadane hennar, to brot i bekkenet og knekt kragebein, gjer at retten finn det usannsynleg at ho i det heile kan ha greidd å flytte seg.

— Etter dette er det bevist ut over all rimeleg tvil at det var tiltalte som førte bilen då ulukka skjedde, heiter det i dommen. Tingretten meiner Perera sette seg i førarsetet få minutt før ulukka skjedde.

BMWen stoppa ikkje før 120 meter etter staden der utforkøyringa skjedde. Den omkomne storebroren blei kasta ut i den siste samanstøyten, og blei funnen livlaus fem meter bak vraket. Også føraren blei funnen liggjande utanfor bilen. Den avdøde storebrorens kjæraste låg i baksetet. Ho hugsar ikkje noko frå ulukka, og blei av den grunn ikkje ført som vitne under rettssaka.

Misse lappen i fem år

Sogn tingrett meiner årsaka til ulukka var høg fart og påverknad av alkohol. Fire timar etter ulukka hadde balestrendingen promille på 1,24. Retten peikar også på at sjåføren berre hadde hatt førarkort i eit halvt år, og meiner manglande køyreerfaring har vore medverkande.

Lengda på fengselsstraffa er i tråd med påstanden frå statsadvokat Bjørn Soknes. Når det gjeld tap av retten til å føre motorvogn, har tingretten derimot lagt seg på ei strengare linje. Påtalemakta ville ta frå tiltalte sertifikatet i fire år. Sogn tingrett meiner han må misse retten til å føre motorvogn for alltid, og grunngjev dette med at det er straffeskjerpande når promillekøyring fører til dødsulukke.

— Den praktiske skilnaden er likevel ikkje så stor, seier statsadvokat Bjørn Soknes. - Etter fem år kan han søkje om å få ta førarkort på ny. Normalt vil ein slik søknad bli innvilga.

ULUKKESSTADEN: Sogn tingrett meiner høg fart og påverknad av alkohol var årsaka til dødsulukka vedBalestrand i fjor. Ein mann omkom, no er broren hans dømd til 15 månaders fengsel. FOTO: TERJE ULVEDAL