LENA VERMEDAL

På garden Skartveit mellom Uggdal og Onarheim er mobildekkinga mangelfull og vegen bratt og farleg vinterstid. Legen kunne risikert å sitja vêrfast dersom han blei tilkalla ei snøtung vinternatt.

— Eg ville kanskje ikkje nådd fram, dersom nokon fekk eit infarkt nede i bygda, sa Skartveit i eit intervju med BT i haust.

Overtok farsgarden

No er han berre letta. Bupliktsaka har henge over han sidan han overtok farsgarden for fem år sidan med krav om å flytta dit.

— Eg er glad eg har oppnådd det eg søkte om heilt frå byrjinga. Eg har vore frustrert og irritert, men har rekna med at det måtte bli ei løysing.

Politikarane i utval landbruk/teknisk valde denne veka å sjå vekk frå rådmannen si tilråding om nye fem års utsetjing av buplikta.

Politikarane meinte det ikkje var så viktig med lys i vindauga på ein gard ingen kunne sjå. Dei var også opptekne av dei vanskelege kommunikasjonstilhøva, skriv bladet Tysnes.

Vanskeleg sak

Ifølgje avisa sa Steinar Frugård (H) under møtet at bupliktsaka på Skartveit har vore ei svært negativ sak for kommunen.

Skartveit trur den sentrale rolla hans som kommunelege 1 har gjort det ekstra vanskeleg for han.

— Politikarane har nok vore redde for å skapa presedens i andre saker, seier han til BT.

LEGE TIL FJELLS: Kommunelege Magne Skartveit håpa på ei oppmjuking av buplikta på Tysnes og blei høyrd.<p/> ARKIVFOTO: STIAN LYSBERG SOLUM