LENA VERMEDAL

Dermed slepp doktoren å bu på garden der mobiltelefondekkinga er mangelfull, og han risikerer å sitja vêrfast dersom han blir tilkalla på nattetid ei snøtung vinternatt.

— Eg ville kanskje ikkje nådd fram dersom nokon til dømes fekk eit infarkt nede i bygda, sa Skartveit i eit intervju med BT i haust.

No er han berre letta. Bupliktsaka har henge over han sidan han overtok farsgarden for fem år sidan.

— Eg må berre seia takk for vedtaket, seier ein glad Skartveit til bladet Tysnes.

Politikarane i utval landbruk/teknisk valde denne veka å sjå vekk frå rådmannen si tilråding om nye fem års utsetjing av buplikta.

Politikarane meinte det ikkje var så viktig med lys i vindauga på ein gard ingen kunne sjå. Dei var også opptekne av dei vanskelege kommunikasjonstilhøva.

Steinar Frugård (H) sa under møtet at bupliktsaka på Skartveit har vore ei svært negativ sak for kommunen.

SLEPP BUPLIKT: Kommunelege Magne Skartveit håpa på ei oppmjuking av buplikta på Tysnes og blei høyrd.<br/> ARKIVFOTO: STIAN LYSBERG SOLUM