ÅDNE LUNDE

Då dei andre padlarane kom ned gjennom elvestryket, på ein stad der elva er smal og går svært strid, var mannen borte. Seinare vart redningsvesten hans funnen lenger nede i elva.

Politiet vart varsla og sette straks i gang ein leiteaksjon.

— Eit mannskap på rundt 20 mann frå Raude Krossen og politiet leita etter padlaren i den stride elva, seier operasjonsleiar Leif Bell i Sogn og Fjordane politidistrikt til BT.

Også eit helikopter var med i søket. Bøyaelva er stor for tida på grunn av stor snøsmelting i det varme vêret, og søkjearbeidet vanskeleg. Ved 19-tida i kveld brukte leitemannskapet grabben på ein gravemaskin i elva for å skapa ein kunstig kulp i stryket, for å letta leitearbeidet, og rundt klokka 20.00 klarte dei å få i land den omkomne som framleis sat fast i kajakken sin.

Sommaren i fjor omkom ein nederlandsk padlar i same elvestryket. Dei italienske padlarane skal ikkje ha visst om dette då dei la ut på den fatale turen.