TERJE ULVEDAL

terje.ulvedal@bt.no

Ifølgje politiet er mannen frå Oslo-området. Dødsulukka skjedde då eit vogntog på veg nedover Lærdalsdalen frontkolliderte med ein Chevrolet Tahoe. Mannen som omkom var førar av Chevroleten.

— Ein passasjer i same bil er innlagt på sjukehus i Lærdal, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt. Ulukka blei meldt til politiet klokka 08.07 i dag tidleg. Politiet er no på staden, men kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

<b>KOLLISJON: </b>Dødsulukka skjedde då eit vogntog på veg nedover Lærdalsdalen frontkolliderte med ein Chevrolet Tahoe.
JENS HAUGE