Flagg vaia på halv stong og arbeidskollegar samla seg til gruppesamtalar etter at det blei klart at 45-åringen frå Salsbruket i Nord-Trøndelag ikkje overlevde klemulukka i botnen av det eine skaftet på Kristin-plattforma.

Skrogdelen av plattforma blei avstengt medan politi og arbeidstilsyn måndag og i går undersøkte om det kan vera funksjonsfeil på den hydraulisk styrte ståldøra som forårsaka ulukka.

Kjell Fosseng var tilsett i overflatebehandlingsfirmaet Dalseide & Fløysand i Bergen. Han var i ferd med å avslutta nattskiftet då han kom i klem mellom døra og dørkarmen under stort hydraulisk press. Dalseide & Fløysand har i mange år hatt ein stor arbeidsstyrke på Aker Stords offshoreprosjekt.

Tredje på fire år

Dødsulukka måndag morgon er den tredje ved Aker Stord på under fire år. I 2001 og 2002 omkom to sjøfolk i samband med opphoggingsarbeid på Maureen A-plattforma.

Til no er det utført rundt 14 millionar arbeidstimar på Kristin-plattforma ved Aker Stord. Verftet har inntil dødsulukka i forgårs kunna vist til svært låge ulukkestal. I 2004 var det berre 1,46 fråversskadar pr. million arbeidstimar, opplyser informasjonssjef Alf Terje Myklebust ved Aker Kværner på Stord. Totalt på Kristin-arbeida som Aker Stord har hatt ansvar for i inn— og utland har frekvensen vore 2,35.

Statoil-plattforma skal overleverast 25.mars, og Aker Stord held framdriftsplanen.

Frå Korea

Kristins enorme stålskrog kom til Stord frå Samsung-verftet i Sør-Korea i fjor sommar. Dei 16 ståldørene i nedre deler av skafta var då ferdig monterte.

Inspektør Oddbjørn Kvålsvold i Arbeidstilsynet kan enno ikkje slå fast kva som var årsak til at den 45-årige leigearbeidaren kom i klem i ei av dørene måndag. Både dørene og dei tekniske innretningane som styrer dei blir undersøkt av Arbeidstilsynet og politiet. Stord lensmannskontor har også fått assistanse av ein teknisk ekspert frå Veritas.

Aker Stord har sett ned ein eigen kommisjon til å granska ulukka.