Folk som bur i området, har registrert at både mopedførarar og syklistar har passert overgangen medan halvbommane på kvar side av jernbanelina har vore nede, bjølla har kima og lyssignalet lyst raudt.

Tragisk

— Men dette skjer når bommane nettopp har gått ned, og dei veit at det tek over eit minutt før toget kjem, seier John Harry Rønhovde til Bergens Tidende.

Han bur i huset som er nærast planovergangen.

Rønhovde har ikkje observert at nokon har gjort det til sport å kryssa over nærast mogeleg toget. Lensmann Kjell Ove Baardtvedt i Vaksdal og Modalen stadfester dette inntrykket overfor Bergens Tidende.

— Vi har ikkje fått meldingar om uvøren køyring over planovergangane, og det er ingenting som tyder på at noko slikt har vore tilfelle denne gongen, seier han til Bergens Tidende.

Lensmannen ser på ulykka som eit hendeleg uhell med tragisk utfall.

Ikkje prioritert

Konserndirektør Svein Horrisland i Jernbaneverket opplyser at den lite trafikkerte planovergangen på Hellestræ ikkje står på lista over planovergangar som dei prioriterer å fjerna. Snarare tvert om. Denne jernbanekryssinga blir tilført meir trafikk, når andre planovergangar blir sanert. For å få det til, må vegar i området leggast om.

— Dei planovergangane vi prioriterer å få bort, er dårlegare sikra enn den på ulykkesstaden, der det både er bommar, lyd- og lyssignal, seier Horrisland til Bergens Tidende.

Lite biltrafikk

Før Dalevågtunnelen og Helletunnelen på E16 vart opna, gjekk hovudvegen mellom Bergen og Voss (riksveg 13) over den smale hengebrua over Hellestraumen (bygd 1927), og gjennom urda på nordsida av Dalevågen. Bilvegen kryssa jernbanen i plan to gonger, inst i Dalevågen og på Hellestræ, om lag 200 meter aust for Hellesundbrua, der ulykka hende sundag. Båe stader er der sikra med halvbommar, lyd og lys. Fordelen med halv- i staden for heilbom, er at ein ikkje blir innestengd i tilfelle bilen får motorstopp på jernbanelina. Dei andre planovergangane på strekninga gjeld private vegrettar, sikra med grinder som folk ofte let stå opne.

Etter at E16 opna, har biltrafikken på gamlevegen vore minimal. Her er ein del trafikk av mopedistar som kvir seg for å køyra gjennom den lange Dalevågtunnelen og den krokete Helletunnelen på den sterkt trafikkerte stamvegen. Elles dominerer syklande, gåande og joggande.

Mange att

Det norske jernbaneverket hadde 4681 planovergangar ved utgangen av 2001, Av desse var 4295 på private vegar, 386 på offentlege. Jernbaneverket har mange planar for sanering av desse trafikkfellene, men løyvingane frå Stortinget avgrensar aktiviteten. I år har innsatsen vore mest merkbar på Vestfoldbanen, der 12 millionar kroner er brukt til å fjerna 15 planovergangar. For 2004 er det sett av 22 millionar kroner på landsbasis.

ULYKKESOVERGANGEN: Hellestræ planovergang ligg i Dalevågen, om lag 200 meter aust for Hellesund bru, og er sikra med halvbom, lyd- og lyssignal. Biltrafikken på gamlevegen er minimal. Jernbaneverket har ikkje planar om å fjerna overgangen.

SKAL BORT: Denne planovergangen tett ved den 77 år gamle hengebrua over Hellesundet vil Jernbaneverket fjerna, sjølv om det krev vegbygging. Sikringa er to grinder som ofte blir ståande opne.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH