Stortingsrepresentant Jorunn Ringstad, som sit i samferdslekomiteen, har hevda at ho såg notatet for fire månader sidan, og at flyplassane i Sandane og Førde er mellom dei som kan verte lagt ned.

Og no ser det ut til at Sp–politikaren skal få siste stikk. NRK Sogn og Fjordane har nemleg fått fat i notatet ingen har særleg lyst til å vedkjenne seg. Her går det fram at flyplassane Sandane, Ørsta, Førde, Narvik, Vardø og Honningsvåg har førsteprioritet på nedleggingslista.