Dødsulukka på Haltenbanken har fungert som ein haldningsendrar for maritime operasjonar på sokkelen. Ein kortfilm med intervju med Frugård sine pårørande er blitt fast innslag i Statoil sitt Kollegaprogram for å betra tryggleiken blant tilsette. Til no er filmen sett av rundt 25.000 tilsette i oljenæringa.

— Det som har skjedd i ettertid er heilt i Rune si ånd. Når først det vonde skulle skje, er det bra at det kunne nyttast til noko positivt seinare, seier enka etter Bente og broren Vidar Frugård.

- Stor effekt

Matros Rune Frugård frå Tysnes blei drepen momentant på dekket til MS «Viking Queen» under ankerhandtering for Statoil på Haltenbanken 31.mai 2001. Den 32 år gamle tobarnsfaren blei offer for tidspresset i oljeindustrien.

— I Kollegaprogrammet trur eg filminnslaget er det som gjer sterkast inntrykk. Det er flott at Frugård-familien har stilt opp, det har hatt stor effekt på deltakarane si evne til å tenkja eigen tryggleik og på kva følgjer ulukker kan få, seier sikkerhetsdirektør Mads Grinerød i Statoil til Bergens Tidende.

Kollegaprogrammet blei sett i verk for fire år sidan for å gjera tilsette i Statoil og underselskap meir medvitne på å tenkja HMS (helse, miljø og sikkerhet).

— Vi har brukt store ressursar på programmet, som er ein faktor bak den positive utviklinga i ulukkesstatistikken vår dei siste åra. Poenget er at dei tilsette skal visa større omsorg for kollegane sine, sjå etter barrierar mot ulukker og seia frå når noko blir gjort gale, seier Grinerød.

Farlege arbeidsrutinar

Ein intern granskingsrapport i Statoil etter ulukka avdekte fleire farlege arbeidsrutinar på Eidesvik-fartøyet «Viking Queen» i 2001.

Det alvorlegaste forholdet var at dei to matrosane på dekk arbeidde opptil 28 timar utan kviletid, kapteinen jobba i over 60 timar i strekk med berre korte pausar.

Statoil fekk kritikk for dårleg koordinering internt i høve til dirigering av fartøya som deltok i operasjonen på feltet. Blant anna gjekk det ut over «Viking Queen» som fekk kort tid til å førebu ankerhandteringa for boreriggen «Transocean Prospect» etter at fartøyet hadde gjort eit tilsvarande oppdrag for «Borgland Dolphin» like før.

Etter lang tids politietterforsking i Møre og Romsdal og Rogaland fekk kapteinen i fjor ei bot på 30.000 kroner for brot på trygging- og kviletidsreglar i Sjømannslova. Saka mot Eidesvik AS blei lagt bort ut frå bevisstillinga.

Den tidlegare Eidesvik-toppsjefen slapp straffereaksjon fordi «intet straffbart forhold er bevist». Saka mot Statoil blei også lagt bort som eit ikkje straffbart forhold.

Æra Rune

— Vi har ikkje vore ute etter nokon å leggja skulda på. Det viktige for meg har vore å æra Rune ved at tragedien blei brukt til noko positivt, og å unngå at han berre blei eit namn i statistikken, seier Bente Frugård.

Dei har blitt møtt med forståing hos både Statoil og Eidesvik.

— Vi synest dei har takla situasjonen profesjonelt og skånsomt, og vi har godkjent det som er med i Kollegaprogrammet, seier Bente og Vidar Frugård.