• FRAKTA TIL BERGEN: Mor og son vart frakta til brannskadeavdelinga ved Haukeland sykehus.

    FOTO: ØRJAN DEISZ

Dødsbrannen var påsett

Politiet meiner den 24 år gamle kvinna sjølv tende på. Også den 20 måneder gamle son hennar omkom av skadene han fekk.

Les også:

Dødsbrannen i Mølletundet i Førde var truleg påsett.

Iføløgje ei pressemelding frå lensmannen i Førde, ser politiet det som sannsynleg at det er kvinna som sjølv har tent på. Både den taktisk etterforskinga og tekniske funn peikar i retning av at kvinna sjølv var brannstiftar.

Politeit vil førebels ikkje seie noko meir konkret om kvar brannen tok til. Som tidlegare meldt på bt.no har vitne i avhøyr forklart politiet at rommet der kvinna budde saman med son sin, var einaste staden i bustadbygget at det hadde vore open eld.

Kvinna og guten blei begge redda ut av folk som kom forbi og oppdaga at det brann måndag ettermiddag. Begge var kritisk skadde, og blei overførte til brannskadeavdelinga på Haukeland. Her døydde kvinnna tysdag kveld og sonen tidleg onsdag.

Den 24 år gamle kvinna kom opprinneleg frå Sri Lanka. Faren til den nesten to år gamle guten er kurdisk asylsøkjar.

- Han har vore i Bergen mens kvinna og barnet låg på brannskadeavdelinga, fortel lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde.

Bygningen som brann vart brukt av eit mottakssenter for asylsøkjarar.

 

Les også

Siste fra Lokalt

-Vurderte å trekke Tooji fra finalen

Nrk-team avkledd og forhørt.

Satt i varetekt og mistet jobben
etter falsk anklage om voldtekt

Nå er kvinnen dømt. - Dommen gjør litt opp for det jeg har vært gjennom.

Gasslekkasje på plattform

Mannskap sendt til livbåtene.

Relaterte bilder

BRANN: Nødetatane jobbar på brannstedet mandag kveld. FOTO: TERJE ULVEDAL

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger