Klokka har passert åtte om kvelden. Det er mørkt ute då professor Henrik von Achen låser opp døra for å leia oss opp i den egyptiske samlinga. Det skjer saker der ikkje ein gong antropolog og utstillingsansvarleg Frode Storås kan svara for.

— Eg har kollegaer som helst ikkje vil vera her om kvelden når det er mørkt, seier von Achen.

— Er dei fælne?

— Du veit, det er ting her som er fleire tusen år gamle. Ein veit aldri.

Han ler.

Gravrøveri

Like innanfor i den egyptiske samlinga heng eit banner.

«La Anubis, Herre over Gravferda signa deg slik han kan!» står det i store bokstavar. Vi er i dødens rike.

Her ligg prestedottera Thessemmin, dotter av guden Min. Ho har vore død i snart 2500 år.

Like ved sidan av henne står dei små steinfigurane, shabtiar, dødens hjelparar. Etter egyptisk gudetru var dette figurar som skulle hjelpa den døde i dødsriket. Det var ein gresk diplomat eller ein bergensk handelsmann som donerte dei til samlinga ein gong på 1800-talet. Kor dei kom frå, veit ingen, men nokre graver er blitt røva for desse 3000 år gamle magiske vesena.

— Dei har oppført seg underleg heilt sidan vi henta dei opp frå kjellaren i 2001, hevdar museumsvakt Richars Saure. Det var han som først oppdaga endringane.

Museet sin magi

— Fortel.

— Dei stod heilt fint i ei kasse då vi tok dei opp. Då vi kom på jobb dagen etter låg dei hulter til bulter alle saman bortsett frå to. Og det var to uekte shabtiar.

— Kva har skjedd sidan?

— Utstillinga opna i mai 2001. Sidan har desse små figurane flytta på seg. Nokre av dei har snudd seg 90 grader. Dei står i glasmonter som er forsegla og låst, men vi ser støvspor etter dei.

I monteren ved sidan står ein kvinneleg gudefigur. Ho har snudd seg heilt rundt, og ser ut som om ho er på veg ut.

— Eg er skeptikar, men eg må tru på det eg ser, seier Saure.

— Eg skjønar ikkje dette. Og om det er på grunn av vibrasjon i golvet, som enkelte hevdar, kvifor er det ikkje fleire gjenstandar som har flytta seg?

Henrik von Achen skrur av lyset. I blitzlampa anar vi spora i støvet.

— Ein må hugsa på at alle desse gjenstandane spring ut av levd liv. Nokon har laga dei og lagt dei i ei grav. No kjem dei ut av grava sitt mørke. Kva bringer dei med seg? Spør vi dei, gir dei kanskje svar. Det er det som er museet sin magi, seier han, og legg til:

— Livet reiser seg.

UNDERLEG? Shabtiane i monteren har flytta på seg. Nummer to frå høgre leier an i marsjen mot døra.<br/>Foto: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN