— Mannen skulle ut med gravemaskina si i kveld då han kom i klem mellom huset på gravemaskina og grabben. På ein eller annan måte byrja det å brenna og det tok raskt fyr i kleda til mannen, seier operasjonsleiar Harald Myklebust i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Ulukka skjedde på ein gard på Habbestad nordvest på Bømlo.

— Nevøen til mannen klarte etter kvart å sløkkja brannen ved hjelp av to brannsløkkingsapparat, seier Myklebust.

Han seier vidare at mannen er frakta med luftambulanse til brannskadeavsnittet på Haukeland Universitetssjukehus. Ifølge Haukeland døde mannen i dag morges.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 21.27.

I KLEM: Mannen sat fast mellom huset og grabben på gravemaskina då det begynte å brenna.
BJØRN ERIK OVESEN, BØMLO-NYTT
TIL HAUKELAND: Mannen er no frakta til brannskadeavsnittet på Haukeland Universitetssjukehus.
BJØRN ERIK OVESEN, BØMLO-NYTT
HABBESTAD: Ulukka skjedde på Habbestad på Bømlo.