Det var lokale leitemannskap som fann liket ved 16-tida i fjorden ved Hyen, mellom Nesholmen og Eimhjellen. Søka har pågått heilt sidan mannen vart meldt sakna på fjorden 30. august.

— Vi har ikkje fått melding om andre sakna personar i området, så den omkomne er høgst sannsynleg Helge Røyrvik, seier lensmann Nils-Ove Roset i Gloppen til bt.no.

Ekspertar ved Gades institutt skal obdusere mannen i nær framtid, for å stadfeste identiteten hans og kva han døydde av.

Politiet har ingen grunn til å tru at mannen har vorte utsett for noko kriminelt. Truleg har han falle over bord og drukna.