— Klart eg er lykkeleg og glad, ikkje minst med tanke på borna. No har dei endeleg fått mora si tilbake, seier Isse Hassan Mohammed til Bergens Tidende.

Men elles vil han ikkje gå i detaljar om den utrulege historia, bortsett frå at han seier at han i lang tid var sikker på at kona var død. Han seier også at ho no har fått opphaldsløyve i Norge med grunnlag i familiegjenforeining.

— Når fekk du veta at kona di var i live?

— Det kan eg ikkje svara på. No vil vi helst vere i fred, seier han.

— Kva hadde skjedd med henne?

— Det vil eg helst ikkje snakka om, seier Isse Hassan.

— Eg har fått råd om ikkje å svare på slike spørsmål.

Familien bur no i eit rekkehus i Hatlestadlia i Fana. Der har Hassan budd i snart to år, etter at han flytta frå asylmottaket i Florø. For 15 dagar sidan kom kona.

Nummer på ein lapp

For to år sidan blei somaliske Isse rikskjendis på grunn av historia si. Han flykta frå det krigsherja afrikanske landet, og kom til Norge i november 2002.

Tilbake i Somalia sat den gravide kona hans med fire små ungar. Også dei ville til Norge, og la i veg mot hovudstaden Addis Abeba i nabolandet Etiopia. Men på vegen døydde mora i ein etiopisk landsby då ho skulle føde deira femte barn. Ungen, ein gut, overlevde.

Ifølgje historia, som gjekk landet rundt for to år sidan, tok ei ung kvinne seg av ungane etter gravferda. I bagasjen til dei morlause borna fann kvinna etter ei tid ein lapp med nokre tal på. Kvinna tenkte at dette kanskje kunne vere eit telefonnummer, og slo nummeret. I andre enden tok dei telefonen på Solbakken asylmottak i Florø, der Isse hadde blitt plassert.

Dermed starta Isse kampen for å få dei fem borna til Norge. Før jul i 2004 fekk han innvilga gjenforeining med borna. Folk samla inn pengar og gav utstyr til dei fem ungane som skulle kome. Men i slutten av januar miste Isse alt i ein brann på asylmottaket.

Nokre veker seinare smilte likevel lukka til somaliaren. I midten av februar 2004 henta han borna i Addis Abeba. Der hadde dei opphalde seg i ti månader, etter at Kirkens Nødhjelp ordna det slik at dei fekk bu på ein barneheim. Nokre månader etter familiegjenforeininga flytta Isse og ungane til Bergen der dei blei fast busette.

Ukjent for advokaten

I går kunne så avisa Firdaposten fortelje at mor til dei fem borna kom til Norge 18. mai. Ho bur no saman med Isse og dei fem ungane i Bergen.

Bergens Tidende var i går i kontakt med fleire personar som var sentrale i saka rundt Isse i 2003/2004, men svært få ønskjer å uttale seg. Advokat Vegard Austgulen representerte Isse for to år sidan, og er framleis hans advokat.

— Eg representerer framleis Isse, men har ikkje blitt kontakt av han om dette.

— Kjende du til at kona var komen til landet?

— Det var ukjent for meg.

- I god tru

Heller ikkje dagleg leiar Arild Melvær ved KF Innvandrarsenteret i Flora visste om at kona er i live:

— Dette viser kor vanskeleg slike saker kan vere, seier Melvær, som overfor Firdaposten legg vekt på at gjenforeininga er hyggeleg for borna og for Isse.

— Eg trur ikkje Isse visste at kona var i live. Både han og vi har handla i god tru. Det viktigaste var at borna blei tekne vare på, seier Melvær.

Utlendingsdirektoratet (UDI) vil ikkje svare på spørsmål om den nye utviklinga. Dei viser til teieplikta, og at dei ikkje kan gje opplysningar i slike saker utan at personane det gjeld har gitt løyve til det. UDI avviser å svare på om dei kjende til at kona var i landet, om ho har fått opphaldsløyve eller om dette er ei sak direktoratet no arbeider med.

Det var Bergen kommune som skaffa familien tak over hovudet i rekkehuset på Hatlestad.

Informasjonsdirektør Robert Rastad seier til BT at kommunen er kjent med situasjonen, og at dei også veit om at kona har dukka opp.