Mannen deltok på ein firmatur saman med omlag 30 kollegar frå Førde, og vart funnen på den asfalterte kaia nedanfor terrassen seint natt til søndag. Det var ikkje vitner til fallet, og politiet trur fallet kan ha skjedd et par timar før han vart funnen.

Turdeltakarane var innlosjert i ulike leigehusvære i Kalvåg, og selskapet trafikkerte mykje mellom husværa og utestaden Knutholmen om lørdagskvelden. Ein god del alkohol skal ha blitt konsumert, ifølgje politiet.

— Vi har ingen vitner til fallet. Det har vore personar på denne terrassen tidlegare på kvelden, men så langt tyder alt på at han har vore aleine då ulykka skjedde, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Lege og ambulanse kom til staden raskt etter at mannen var funnen, men kunne berre konstatere at han var død. Politiet fekk først melding om ulykka klokka 08.15, gjennom AMK-sentralen i Førde.

Avsnes opplyser at rekkverket på terrassen heldt dei forskriftsmessige 90 centimetrane høgd med god margin, og at det elles ikkje var spesielle ting ved terrassen som kan forklare ulykka.

Søndag formiddag var samtlege turdeltakarar samla i Kalvåg for å bearbeide tragedien, opplyser politiet.

FALL UTFOR: Politiet meiner Jostein Klastad fall utfor terrassen i tredje etasje på dette huset, og ned på asfalten her på Amtskaia i Kalvåg. FOTO: MAGNE GROTLE
FOTO: MAGNE GROTLE