– Tala er relativt små, men det er nokre saker der born er involvert. Me har nokre tilfelle der unge jenter har vorte valdtekne då dei var rusa og ikkje i stand til å motsetja seg handlinga, seier Einar Vatne, lensmann i Lindås og kommune til BT.

– Det er ei lei utvikling, seier han til Strilen.

Både Nordhordland og Strilen skreiv laurdag om politiet i Nordhordland sin årsrapport som vart lagt fram fredag.

Seks valdtektssaker

Lensmannskontora i Lindås/Meland, Austrheim/Fedje og Radøy etterforska i fjor seks valdtektssaker. Dessutan galdt fire av sedelegheitssakene born under fjorten år.

– Den seksuelle lågalderen er 16 år. Så har me ei gradering for dei mellom 14 og 16, og for dei under 14. Men me må sjå på kvar sak for seg, seier Roar Tofting, lensmann i Austrheim og Fedje til BT.

Han seier han ikkje kjenner nyansane, og vil difor ikkje seia noko om i kor mange av sakene politiet har konkludert med at det har skjedd noko straffbart.

– Ein tendens

– Er auken i seksualsaker så stor som desse tala viser, eller er det fleire saker enn før som vert melde til politiet?

– Fleire misbrukssaker er ein tendens me ser over heile landet. Men eg trur nok òg at fleire enn før som gir beskjed om kva som har skjedd og ikkje berre går rundt med skuldkjensle sjølv, seier Tofting.

Dei tre lensmannskontora vart knytta saman i ein region i 2005. Naboregionen; Masfjorden, Gulen og Solund hadde i følgje Gulen-lensmann Henry Indrebø ingen seksualsaker i fjor.