Marknaden for kosmetisk kirurgi har auka kraftig det siste tiåret, skal vi tru bransjen sjølv. Det finst ikkje statistikk som kan underbyggje dette, men talet på privatpraktiserande plastiske kirurgar gjev ein liten peikepinn:

Sidan 1995 har talet på godkjende spesialistar i privat praksis auka frå 13 til 22, viser tal frå Den norske lægeforening. Dette er ein langt kraftigare vekst enn for offentleg sektor, der talet på slike spesialistar berre auka med fire i same tidsrom.

Dessutan treng ein ikkje å vere godkjend spesialist for å starte praksis som kosmetisk kirurg, så veksten har truleg vore sterkare enn tala ovanfor tyder på.

Pause i oppgangen

Eigar og sjeflege Tom Inge Ørner ved Klinikk Bergen AS, som er den største operatøren innanfor plastisk kirurgi i Bergen, meiner talet på pasientar har auka med ti prosent i året fram til i fjor.

Selskapet, som vart grunnlagt i 1995, hadde i fjor ei omsetning på 11,6 millionar kroner, om lag det same som dei to føregåande åra. Ørner seier dei hadde ein nedgang i talet på plastiske operasjonar i fjor, noko som har halde fram i haust. Tapet har dei kompensert med andre type operasjonar, seier Ørner, som trur utviklinga kan ha samanheng med meir usikre økonomiske tider.

Norges største spesialklinikk for plastisk kirurgi, Nobel Clinic Norge i Oslo, hadde i fjor ein nedgang i omsetninga på 11,4 prosent i høve til året før. Likevel omsette dei for nær 30 million kroner.

Størstedelen av omsetninga i bransjen skriv seg frå brystoperasjonar og feittsuging. Kvart år får truleg mellom 2000 og 3000 kvinner operert inn større bryst. Andre populære inngrep er oppstramming av slappe magar og ulike andletsoperasjonar.

90 prosent kvinner

Ved Klinikk Bergen er 90 prosent av dei som får fiksa på utsjånaden kvinner.

— Eg trur ikkje det er så mykje meir enn 10 prosent av kundane som er menn elles i bransjen heller. I alle fall viss ein ikkje ser på klinikkar som spesialiserer seg på spesielle typar inngrep som hårtransplantasjonar, penisforlengingar og slikt, seier Ørner.

Han viser til USA, som har langt betre statistikk på feltet. Her er 11 prosent av kundane til plastiske kirurgar menn.