EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Berre den siste veka har bergenspolitiet registrert elleve nye tilfelle av svindel med falske pengar.

Falske 200— og 1000-kronerssetlar av høg teknisk kvalitet dukkar opp i kassene på bensinstasjonar, skjenkestader og i matvarebutikkar som aldri før.På landsbasis har talet på falskmynteri-saker gått rett til himmels. Ved utgangen av april var det registrert 1166 slike saker hittil i år. Det er nesten nøyaktig dobbelt så mange som på same tid i fjor - som endte opp som eit rekordår.

Dersom utviklinga held fram, vil fjorårsrekorden på 2152 saker bli slått ettertrykkeleg. Til samanlikning var talet i 1996 247.

— Auken er kraftig. Og etterlikningane er så gode at ikkje ein gong bankane alltid greier å oppdage dei, seier Kripos-sjef Arne Huuse. Han meiner både dei auka mengdene og den betra kvaliteten heng saman med at kopierings- og datautstyret blir stadig meir avansert og lett å få tak i.

Mest nattsafe-pengar I fleire av tilfella i Bergen har ikkje svindelen vorte oppdaga før setlane har kome til den store telle- og kontrollsentralen hos Norges Bank på Bradbenken. Det betyr at pengane - som stort sett kjem frå nattsafe-posar - har vorte talde og godkjende i ein annan bank først.For politiet blir etterforskinga vanskeleg når svindelen ikkje blir oppdaga før setlane har hamna hos Norges Bank.

— Det blir vanskelegare når vi ikkje veit kva bedrift pengane skriv seg frå, seier avdelingssjef Roald Korsøen ved økonomiavsnittet i Bergen politidistrikt.

- Har ikkje nubbesjans Sikkerheitssjef Steinar Søraas i Sparebank 1 Vest vedgår at dei ikkje greier å stoppe alle falske pengar som kjem innom skranken.

— Vi har ikkje nubbesjans til å greie det, med dei summane som kvar dag passerer her. Ein og annan falsk setel slepp forbi, seier Søraas. Det betyr at bankane heller ikkje kan garantere 100 prosent at kundane får utlevert ekte pengar i banken.

— Vi kan aldri vere heilt sikre, det er jo berre menneske som sit i kassene våre rg, seier informasjonsrådgjevar Christine Wigand i Sparebank 1 Vest.

Fem sikta i Fyllingsdalen I Norges Bank set ei avansert sorterings- og tellemaskin ein stoppar for svindel-pengane.

— Alt som går ut frå her er ekte vare, seier avdelingssjef Oddmund Hansen ved Norges Bank avdeling Bergen, som dagleg tek imot millionar av kroner frå Sunnfjord i nord til Sunnhordland i sør. Etterforskinga av falskmynteriet gir også resultat.

— Vi har funne kjente fingeravtrykk på ein del av dei setlane vi har fått inn hit, og etterforskinga pågår rundt om i politidistrikta, seier Kripos-sjef Arne Huuse.

I Fyllingsdalen er fem ungdommar i 20-åra sikta for å ha trykt falske pengar. Ifølgje avisa Sydvesten var det butikktilsette på Oasen som fekk mistanke og sette politiet på sporet. Dei fem er mistenkte for å ha trykt opp 100- og 200-kronerssetlar ved hjelp av enkelt datautstyr.