— Vi ser at ungdom med slik bakgrunn står bak ein del av desse sakene, utan at eg kan talfeste det konkret, seier Svein Bjørn Losnegård, leiar ved ungdomsseksjonen ved Bergen politikammer.

Saker som omfattar barn under 14 år blir som regel ikkje politimeld, men talet saker i aldersgruppa mellom 14 og 18 år har auka kvart år sidan 2001. Medan 20 valdssaker vart avslutta i 2001, var sakstalet oppe i 42 i 2004.

— Det er ikkje store tal, men dei omfattar berre Bergen sentrum og ikkje bydelane. Dessutan ser vi at valden blir stadig grovare, seier Losnegård.

Han trur ikkje eksempelvis kampsport er rette medisinen mot aggressive tendensar hjå unge.

— Det er i alle fall gale dersom ungdom lærer seg kampsport for å kunne forsvare seg ute på byen, seier Losnegård, som trur at den viktigaste ballasta kjem frå heimen og kameratmiljøet. - Det er viktig at dei lærer seg sjølvkontroll, og at vald ikkje nødvendigvis må gjengjeldast med ny vald.