I årsmeldinga for 2000 skisserer styret i selskapet korleis dei skulle tene meir pengar, etter å ha fått eit driftsunderskot på 400.000 kroner — samtidig som dagleg leiar, styremedlem og hovudaksjonær Kjell Didrik Helgesen hadde ei årslønn på 762.000 kroner og fri bil.

Blant tiltaka styret sette i verk, var: * Kutt i bemanninga, både i heil- og deltidsstillingar. * Auke i talet på ungdom frå 12 til 16. * Dobling av døgnprisen. Selskapet hadde tidlegare tatt mellom 1250 kroner og 1550 kroner per døgn, dei nye prisane i 2001 låg mellom 2200 kroner og 3400 kroner. * Innkjøpsstopp. * Slutt på bruk av konsulenttenester. Styret bestemte også at dagleg leiar skulle gå ned i lønn. Kjell Didrik Helgesen slutta deretter i stillinga, tre månader inn i det nye året. Fylkeskommunen fann til slutt ut at dei nye prisane var urimeleg høge, og kravde reforhand-lingar. - Vi kom til at det var sprik mellom pris og kvalitet, og fekk i oktober redusert prisane, seier Nina Bolstad, som hadde ansvar for kvalitetssikring av dei private barnevernstenestene i Hordaland i fjor.